Rastemøbler i betong med utsikt til innsjøen Ørteren.
Rasteplassen er inspirert av dei organiske formene på Hardangervidda. Foto: Per Finborud, Statens vegvesen

GPS, Vardestopp:
60.47827333, 7.826105

Tilgjengeleg for rullestol.

Vardestopp ligg på Hardangervidda, langs riksveg 7 i Hol kommune i Buskerud fylke, i overgangen mellom aust og vest.

Rasteplassane Vardestopp og Ørteren er utforma etter dei same prinsippa. Utforminga av rasteplassen tek inspirasjon frå organiske element i naturen, og har som mål å gjere minst mogleg inngrep i det sårbare landskapet. Den bølgjande forma skaper varierande sitjeplassar med utsiktspunkt mot innsjøen Ørteren. 

Vardestopp har sju parkeringsplassar og fleire sitjemogleheiter langs kanten, ved benkane og ved to bord. Her kan ein kan ta ein pause og nyte naturopplevingane på Hardangervidda. 

Landskapsarkitekt: Bjørbekk & Lindheim AS