Røyrnes rasteplass. Illustrasjon: Jensen og Skodvind Arkitektkontor AS

Som del av satsinga på Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet blir det etablert ein ny rasteplass på Røyrnes. Rasteplassen er ein populær stoppestad for turistar og lokale, og ligg fint til ved Lærdalsfjorden ca. fire km vest for Lærdalsøyri.

Toalettbygg og rastemøbler, trapp ned til fjorden.
Røyrnes rasteplass. Illustrasjon: Jensen og Skodvind Arkitektkontor AS

Målet med prosjektet er å gjere rasteplassen sikrare med regulert av- og påkøyring frå fylkesvegen. Det blir etablert eit nytt toalettbygg og tilrettelagde opphaldsareal med møblar og god plass for ein rast. Rasteplassen får også god kapasitet for renovasjon.
Toalettbygget skal ha HC-WC og to unisex-toalett, samt eit teknisk rom. Rasteplassen får også betre tilgang til fjorden med terrengtrapp og ei rastetrapp der ein kan sitte å nyte utsikta utover fjorden.

Den nye rasteplassen får kapasitet til 11 personbilar, fem bubilar og ein HC-plass. Prosjektet har ei kostnadsramme på 15 millionar kroner.
- Vi ser fram til å signere kontrakt med ein av dei mange dyktige entreprenørane i regionen, seier Per Finborud, plan- og prosessleiar for Nasjonale turistvegar i Statens vegvesen.

Gruset parkeringslomme tett ved vegen. Utsikt til fjorden.
Dagens situasjon på Røyrnes. Foto: Roger Thorstad, Statens vegvesen

Bygg- og anleggsarbeida blei kunngjort som eit ope anbod 10. juni, med oppstart i september 2025. Prosjektet er planlagt å stå ferdig hausten 2026.
Arkitekt: Jensen og Skodvin Arkitektkontor AS